Grammatikkundervisning
Foto: Sunnfjord Medisinske Senter

Grammatikkundervisninga – eit av mange reiskap for å nå måla i Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Dei reglar som utgjer systemet i språket, vert omtalt som grammatikk, og alle språk har ein grammatikk, som morsmålsbrukarar meistrar. Sjølv om deltakarane våre i vaksenopplæringa bruker morsmålet sitt utan grammatiske feil, er det ikkje sikkert at dei har ein eksplisitt kompetanse i morsmålsgrammatikken. Ei av utfordringane våre i klasserommet er korleis vi skal undervise norsk grammatikk, slik at innlærarane oppnår kommunikativ kompetanse i norsk.

Sjølv har eg som lærar i vaksenopplæringa hatt mange deltakarar som ikkje har hatt utbytte av tradisjonell grammatikkundervisning. Eg har derfor hatt behov for å endre eigen praksis og gjere grammatikkundervisninga nyttig for alle. I denne artikkelen vil eg presentere nokre sider ved eksplisitt grammatikkundervisning og knytte det til undervisning som eg meiner er nyttig i språkopplæringa.

Kunnskap om grammatikk er ikkje eit mål i seg sjølv, men grammatikken ligg til grunn for all språkleg verksemd og er derfor ein naturleg del av opplæringa. Grammatikk er ei lingvistisk ferdigheit og vert gjerne sett på som former som skal lærast. Vi deler grammatikk inn i morfologi på ordnivå, syntaks på setningsnivå og tekstgrammatikk på tekstnivå. Samla utgjer dette eit kodesystem som ein må ha innsikt i for å kunne kommunisere på eit språk. Det betyr at grammatikk er ein viktig del av ferdigheitene som må utviklast for å oppnå kommunikativ kompetanse. Mi erfaring er at grammatikkundervisninga må ha både eit sosialt og eit kognitivt perspektiv. På den måten får innlærarane utvikle grammatiske ferdigheiter for å kunne fungere i samspel med andre, for eit mellomspråk med grammatiske feil kan vere eit problem for kommunikasjonen.

Kommunikasjon
Når innlærarane skal kommunisere på norsk, må dei konsentrere seg om mange sider av språket. For det første må dei tenke på innhaldet i det dei vil formidle. Til dette må dei finne det vokabularet som er nødvendig for å få formidla innhaldet. For det andre må dei velje kva grammatiske trekk dei skal bruke. Grammatikken skal vere ei støtte til å gjere språket korrekt, meiningsfullt og passande. I munnleg tekstproduksjon må dei dessutan konsentrere seg om uttalen for å kunne kommunisere på ein forståeleg måte.

Samla er dette ein komplisert prosess som krev omfattande tankekapasitet. Dess fleire sider av språket ein må konsentrere seg om, dess vanskelegare vert det å bruke språket korrekt. Derfor har alle ferdigheiter som er automatiserte, ein positiv påverknad på kommunikasjonen. Eksplisitt grammatikkundervisning gir kunnskap om grammatiske strukturar som vil vere til støtte for deltakarane våre når dei skal kommunisere. I tillegg er det viktig å legge til rette for automatisering av grammatiske strukturar.

Grammatiske kjenneteikn
I læreplanen vert grammatiske kjenneteikn ved språket i bruk presisert for dei ulike nivåa. Desse kjenneteikna beskriv språkstrukturar deltakarane er forventa å meistre på kvart nivå.

NivåKjenneteikn ved språket i bruk
B2Innlæraren har relativt god grammatisk kontroll og gjer ikkje feil som fører til misforståingar. Innlæraren kan korrigere seg sjølv og skrive klar, samanhengande tekst ved å bruke varierte samanbindingsteknikkar.
B1Innlæraren har eit forråd av frekvente mønster som blir brukte rimeleg korrekt. Innlæraren bruker mellom anna tidsadverbial, pronomen, ubestemt og bestemt form og enkle leddsetningar for å skape samanheng i framstillinga.
A2Innlæraren har avgrensa kontroll med enkle grammatiske strukturar og bind saman ordgrupper ved hjelp av enkle bindeord som «og», «eller» og «men». Innlæraren bruker iblant enkle leddsetningar som er innleidde med til dømes «at», «som» og «fordi».
A1Innlæraren har avgrensa kontroll på nokre få innøvde grammatiske strukturar og bind saman ord og ordgrupper ved hjelp av bindeorda «og» og «eller».

Denne oversikta viser at det skal vere ei kontinuerleg utvikling av dei grammatiske ferdigheitene. Gjennom grammatikkundervisninga skal vi legge til rette for å la grammatisk kunnskap bli til grammatiske ferdigheiter.

Metaspråk
Dei fleste vaksne som skal lære eit andrespråk, har utbytte av eksplisitt grammatikkundervisning. Denne undervisninga må sjølvsagt tilpassast bakgrunnen til deltakarane, men det er nyttig når ein kan snakke om språket. Likevel kan vi ikkje ukritisk bruke grammatisk terminologi når vi skal forklare grammatiske trekk, men det vil på alle spor vere nyttig om ein har eit felles metaspråk. Ved å gradvis bygge opp ein felles terminologi i klasserommet vil grammatiske forklaringar verte forstått av fleire, og undervisninga vert meir effektiv om deltakarane har ein metaspråkleg forståing av språket. Kunnskap om grammatikk fører til betre kontroll over språket, og kommunikasjonen vert meir effektiv.

Når det gjeld setningsstruktur har dei fleste utbytte av å forstå subjekt, verbal, objekt og adverbial. Ved å konkretisere dette med dei ulike setningsledda på lappar, gjerne i ulike farger, kan ein på ein enkel måte jobbe med ordstilling i klasserommet.

han - spiser - pizza - nå

Ved hjelp av slike lappar kan deltakarane bytte plass på setningsledda og variere ordstillinga. Dette er med på å skape bevisstheit om at setningsledda har faste plassar på norsk.

I oppbygginga av eit metaspråk der deltakarane etter kvart snakkar om språket, vil den språklege bevisstheita auke. Bevisstheit om språket, og korleis det fungerer, er ein fordel i opplæringa.

Bevisstheit
Det er i stor grad nødvendig å vere bevisst ein grammatisk struktur for å kunne lære den. Det betyr at det er først når deltakarane legg merke til den grammatiske forma at dei kan lære den. Dette kan vi hjelpe deltakarane våre med på mange ulike måtar, og eg vil her presentere nokre måtar vi kan fokusere på grammatiske strukturar på.

Når vi gjer morfologiske endingar tydelege i tekst, hjelper vi deltakarane våre til å legge merke til desse strukturane. Det er først når ein legg merke til endingane at dei kan lærast. Ved å utheve endingane vert det lettare å legge merke til dei.

Du les ein artikkel. Artikkelen handlar om grammatikk.

Ved å lese mange liknande døme og etter kvart øve på å lage liknande formuleringar, vil strukturen etter kvart verte meir eller mindre automatisert. Når ein skal fokusere på slike grammatiske strukturar, er det viktig at vokabularet er kjent for innlærarane slik at det berre er ein ting å fokusere på.

Det kan vere fornuftig med plakatar på veggane der grammatikken ein arbeidar med, er presentert på ein lettfatteleg måte. Ved å gå gjennom plakatane saman med deltakarane får dei hjelp til å legge merke til strukturane. I den perioden plakatane heng i klasserommet, kan deltakarane også bruke dei som støtte i eigen produksjon av språket. Etter ei stund vil deltakarane kunne produsere tekstar både munnleg og skriftleg utan støtte i plakatane.

Samhandling
Grammatisk form får meining først når ho er brukt i ein kontekst. Ved å knytte form- og strukturøving til samhandling med andre vert det lettare å lære. Derfor er det nyttig for deltakarane å jobbe saman også når undervisninga fokuserer på form. Det gir også deltakarane høve til å utvikle dei munnlege ferdigheitene medan ein øver på grammatiske strukturar. Når eksplisitt grammatikkundervisning inneheld meiningsfylte aktivitetar og oppgåver som fører til øving og bruk, vert det lettare for deltakarane å sjå nytteverdien av grammatikkundervisninga.

Finn-nokon-som-oppgåver som fokuserer på ein viss grammatisk struktur, er fine til å aktivere deltakarane i klasserommet. Dei får snakke saman medan dei øver på ei grammatisk form. Ved å dele ut lister med oppfordring om å finne nokon i klasserommet som liker å gjere noko, må dei både lage spørsmål og formulere svar.

Finn nokon som liker å danse.
Finn nokon som liker å ete pizza.
Finn nokon som liker å drikke øl.
Finn nokon som liker å symje.

Når dei har jobba med dette ei stund, kan dei sitte saman i par eller små grupper og gå gjennom funna. Då får dei øve på konstruksjonen: ... liker å … I felles gjennomgang etterpå får alle høve til å presentere noko, som dei alt har øvd på, og til slutt kan læraren presentere regelen på tavla.

Sosial læring gir innlærarane også høve til å lære frå kvarandre. Saman kan dei komme til djupare forståing samtidig som den individuelle læringa aukar. Dessutan er det i samspel med andre at ein får høve til å praktisere munnleg språkbruk. Når ein i samhandling har bestemte grammatiske trekk som det skal fokuserast på, har dei høve til å øve struktur i ein meiningsfull kontekst.

Gjennom samhandling er innlærarane aktive i læringsaktivitetane, og det aukar læringsutbytet. Ved å vere aktiv legg ein betre merke til det ein skal lære, og dette fremmer læring. Det å kommunisere på eit andrespråk er ei stor utfordring, så det å møte språklege utfordringar i trygge omgjevnadar skaper tryggleik og reduserer negativt stress. Derfor er det positivt for deltakarane våre å få øve på grammatisk form i samhandling med meddeltakarar i klasserommet.

Avslutning
I denne artikkelen har du fått en kort presentasjon av nokre viktige trekk ved eksplisitt grammatikkundervisning og nokre idear om korleis ein kan gjere eksplisitt grammatikkundervisning praktisk retta. Med kjennskap til grammatikken, til grunnleggande grammatiske strukturar, er det mogleg for deltakarane våre å kjenne att, forstå og bruke ulike ordklasser, setningsstruktur og språkfunksjonar. Dermed vert dei også i stand til å nå kommunikative mål, både munnleg og skriftleg.

Januar 2017

Jannecke HofsetJANNECKE HOFSET er foredragsholder for Kompetanse Norge og medforfatter av God i norsk. Hun underviser ved Ålesund voksenopplæringssenter.

Email this to someoneShare on FacebookTweet about this on TwitterDel denne siden